Mari Hesjedal er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har ein Master i Scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London og filmutdanning frå International Film School of Wales. I 2013-14 gjekk ho på Forfattarstudiet i Bø.
Har brei erfaring i scenekunstfeltet som scenograf og kostymedesignar. Jobbar både ved institusjonsteater og i det frie feltet. Dei siste åra inkluderer produksjonar ved bl.a. Teater Vestland, Teater Ibsen, Turnéteatret i Trøndelag, Det Vestnorske Teateret og Den Nationale Scene i Bergen.
Eg elskar å lage teater og å vere tett på det kreative samarbeidet i scenerommet. Eg har erfaring med mange ulike sceneuttrykk, frå samtidsdans og fysisk teater, til spel, dokumentarteater og intermediale uttrykk. Som scenograf og kostymedesigner jobbar eg saman med regissøren og resten av det kunstnariske laget for å integrere alle delar av det visuelle konseptet med forteljinga og dei sceniske handlingane.
Hesjedal debuterte som dramatikar på Norsk Dramatikkfestival i 2015. Har sidan skrive for bl.a. Det Vestnorske Teateret, Festspillene i Bergen, Teater Vestland og Det Norske Teatret. Var i 2018 og 2019 husdramatikar ved Dramatikkens Hus. Stykket «Sov ikkje» hadde premiere ved Det Norske Teatret i 2021. Sist aktuell med «Mot regn» på Bergen Dramatikkfestival.
